mandag 28. august 2017

Heisann. Her er litt inspirasjon frå meg (Mona) igjen.
Eg har gått utav komfort-sona mi, og utfordra meg sjølv  til å bruka meir
handskrift på sida mi. Noko som eg synes er vanskelegt, då eg ikkje er fornøyd
med hanskrifta mi. Men, men... det blir jo litt meir personlegt då, når
ein skriv for hand. (Men eg har veeeldig lyst på ei skrivemaskin altså...)

Når eg skriv for hand, pleier eg først å skriva med gråblyant, for så å
skriva med tynn vannfast tusj over. Tilslutt visker eg vekk gråblyantstrekene.

På denne sida har eg brukt ei blanding av ferdige kort og mønsterark.
Pynta med diecuts og klistermerker.














Her er tusjane som eg bruker når eg skriv for hand.
Desse er vannfaste og er i forskjellige tjukkelser.



Det var litt ubehagelegt å vera utenfor komfort-sona si.. Men det gjekk greit :-)
Håper eg kan vere til inspirasjon til at du gjer det same.
Ha ein fin dag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar